Brenning av bål

Nedbrenningsøvelse Hemsedal

Forbud mot åpen eld i skogmark
Det generelle bålforbudet gjeld i perioda 15. april til 15. september. Då er det forbudt å gjera opp eld i og i nærleiken av skog og annen utmark, dette gjeld også bruk av eingongsgrill og bålpanne. 

Det er tillatt å gjera opp eld der det åpenbart ikkje kan medføre brann. Med «åpenbart ikkje medføre brann» meinast f. eks. at det ligg snø på bakken, eller at det har vore mykje nedbør over lang tid. Vi gjer oppmerksom på at du tenner på på eige ansvar og kan stillast til ansvar dersom bålet kjem ut av kontroll. Er du usikker på om det er trygt å tenne bål så la det vera!

Forbudet gjeld ikkje innmark (gårdsplassar, hustomter (eigen hage), dyrka mark, engslått, kulturbeite, skogplantefelt), men den generelle aktsomheitsregelen gjeld sjølvsagt her også.

Merk at dersom brannfaren er spesielt stor (for eksempel ved fare for skogbrann), kan kommunen innføre forbud mot bruk av eld i bestemte områder. 

Reglane om bålbrenning blir styrt av Forskrift om brannforebygging §3.

Kjekt å vite om bålbrenning

Det skal berre brennast reint trevirke. Den som tenner bål, brukar engongsgrill, bålpanne osv. er ansvarleg for at brannen ikkje sprer seg, og blir forsvarleg slokt. Du er sjølv ansvarleg for eventuelle skader det medfører, og kan anmeldast/straffeforfølgast av politiet.

Oppgjort ild må ikkje forlates før den er fullstendig slokt. Lokal brannfare kan variere – tørt gras, vind, bratt og ulendt terreng må vurderast av ansvarleg i kvart enkelt tilfelle.

 Er det lov med bål på sankthans?

Sjølv om det er generelt bålforbud i skog og utmark fram til 15. september er det likevel lov å tenne St. Hansbål om det ÅPENBART ikkje kan medføre brann (spredning utover sjølve bålet). Den som tenner på er ansvarleg dersom det skjer ein brann. Vis AKTSOMHEIT!
Dei siste åra har ikkje 110-sentralen ønska å ta imot meldingar om St. Hansbål (21. – 23. juni), fordi det blir så stort omfang at arbeidet går ut over den ordinære beredskapen. 

Utenom 21. til 23. juni skal alle bål meldes inn til 110.

Skal du brenne bråte/bål?
Meld frå til 110-sentralen i Tønsberg. Telefonnr.: 333 14 110    

For meir generell informasjon om brenning av bål, sjå http://www.sikkerhverdag.no

Åpen eld i innmark (ved hus/hytte o.l.)
Større bål i tettbygd strøk er ulovleg.
Sjå ellers link til lokale forskrifter for Ål kommune (forskifta er lik for Ål, Gol og Hemsedal):  
http://lovdata.no/for/lf/ov/tv-20091217-1791-0.html
.

Skogbrannvarsel
Dette blir oppdatert kvar dag:
https://skogbrannfare.met.no/

Bygningsmateriale er ulovleg å brenne!

Bygningsavfall skal leverast på eige mottak. DETTE GJELD HEILE ÅRET!

Bråte og flatebrenning

Felles prosedyre utarbeida av Miljøretta Helsevern Hallingdal, Ål kommune og Hallingdal brann- og redningsteneste iks

Viktig å minne om følgjande:

  • Tilråde at brenning skjer mellom 15.sept. og 15.april
  • Bråtebrenning og anna brenning av hage- og jordbruksavfall må ikkje utførast i eller nær tettstader eller der røyken kan vere til sjenanse for andre. Røyk kan føre til helse- og trivselsproblem, særleg for folk med astma-plager
  • Flatebrenning/brenning av hogstavfall i skogmark samt gras- og lyngsviing i eller i nærleiken av skogmark skal ha ein ansvarleg leiar som skal ha utarbeidd plan for brenninga som sikrar at dette skjer på ein forsvarleg måte. Det skal sendast melding til brannvesenet i eigen kommune. Jf. Brann- og eksplosjonslova § 8-2
  • Naboar må varslast, jf. Nabolova § 5
  • Sjå an vær- og vindforhold
  • Unngå brenning på sundagar og andre helgedagar
  • Brenning bør skje i god tid før mørkets frambrot
  • Viktig med etterkontroll av staden
  • Ulovleg brenning som fører til utrykning kan medføre krav om kostnadsdekning frå kommuna

 

 

Skogbrannkurs