Feiing og tilsyn

Boligtilsyn:

 

Har du fått varsel om BOLIGTILSYN?
For viktig informasjon, klikk her…

 

Hyttetilsyn:

 

Har du fått varsel om HYTTETILSYN?
For viktig informasjon, klikk her…

 

Min Eiendom:

Logg deg på Min Eiendom for å finne informasjon knyttet til din eiendom; klikk her...

 

Gebyrsatsar 2023 (vedtatt av kommunestyra), pris eks. mva:

Tilsynsgebyr hus:                         kr 1.367,-
Tilsynsgebyr fritidsbustad:        kr 1.590,-
Feiegebyr hus:                              kr 560,-
Feiegebyr fritidsbustad:             kr 560,-
For pipe nr. 2 på same tak:        Halv pris  
Timesats for annet arbeid:         kr. 667,-

Tilsyn der eigar har fleire enn 3 bygg i same område og eigar er med på på tilsyn utført fortløpande same dag: 1/2 gebyr frå bygg nr 3. (Dette gjeld ikkje der eigar er eit boligselskap, slik som sameige, borettslag o.l.)

Gebyr der eigar av bustad/fritidsbustad har takka «ja» til tilsyn, men ikkje møter:        Fullt gebyr

 På både hytter og bolighus gjeld regelen om at oppmøte av feiar = gebyr. Så hvis varsla tidspunkt ikkje passar er det viktig at du får avtalt nytt tidspunkt.

Frist for å avlyse/endre tidspunkt er kl 1500 siste arbeidsdag før tilsynet/feiinga. 

ENDRINGAR I RUTINAR FOR FEIING OG TILSYN

I 2016 kom ny forskrift om brannforebygging med vesentlege endringar frå den tidlegare gjeldande forskriften på området. Tidlegare skulle det feiast piper minimum kvart fjerde år, og oftere hvis det var behov. Tilsyn med fyringsanlegg skulle gjennomførast kvart 4. år. Fyringsanlegg betyr ovn/peis/fyrkjele inkl. røykrør og skorstein. Den nye forskriften sett ikkje krav til kor ofte det skal feiast og gjennomførast tilsyn, det er risikoen for brann ved kvart enkelt fyringsanlegg som skal leggjast til grunn for kor ofte feiing og tilsyn skal gjennomførast. I tillegg vart alle fyringsanlegg omfatta av forskriften, det betyr at alle fritidsboligar, hotell og næringsbygg også skal ha tilsyn og feiing dersom dei har eit fyringsanlegg.

Bolighus

Ein utredning og risikovurdering som vart gjort i alle Hallingdalskommunane i 2016 viser at det skal gjennomførast feiing og tilsyn minimum kvart 8. år, eller oftere dersom risikoen tilsier det. Feiaren kartlegg risikoen for kvart enkelt fyringsanlegg/bolig etter alder og tilstand på anlegget, etter fyringsmønster, sotmengde o.l.

Siden me tidlegare skulle gå tilsyn kvart 4. år så vart tilsynsgebyret delt på fire og fakturert ¼ kvart år. Når det no blir ulik frekvens på tilsyn i boligar så må det fakturerast heile gebyret på ein gong, etter at tilsyn er gjennomført. Siden heile gebyret no blir fakturert i stedet for ¼ så vil det opplevast som ein aukning i gebyret, men det er altså ingen aukning, årsaken er du betaler heile gebyret på ein gong etter at du har fått tilsyn i staden for ¼ kvart år uavhengig av når du fekk tilsyn. Den nye ordningen blir derfor meir riktig også sidan du kun betalar etter at feiaren har vore på besøk for å utføre tilsyn, ikkje ellers.

I overgangen frå gammel til ny ordning så vil det vera ein del som har betalt dei siste åra utan å få tilsyn. Dei som dette gjeld vil få fråtrekk på det nye gebyret ut fra kor mykje du har betalt tidlegare, og når du fekk tilsyn sist gong.

Når det gjeld feiing så blir det ingen endring på korleis gebyret fakturerast, det vil bli fakturert etter at du har fått feiing slik som før. Men i frekvens kan det bli sjeldnare feiing på dei som brukar fyringsanlegget lite. Det medfører at det også blir billegare for dei, ettersom det berre blir fakturert etter at feiing er utført. Dei som ynskjer oftare feiing enn det som feieren forslår gir beskjed om dette, så får dei feiing oftare.

Fritidsboligar

Endringar i forskriften medfører betydelege endringar for kommunen sidan alle fritidsboligar vart omfatta av forskriften. I våre kommunar er det vesentleg fleire fritidsboligar enn boligar. Alle får etter kvart varsel om tilsyn og feiing, men hytteeigarar som ynskjer snarleg besøk kan gjerne  ta kontakt med oss for å avtale feiing og/eller tilsyn.

Feier i Hallingdal

Krav om takstige/trinn:

(Teksten nedanfor er henta frå HBR iks sin risikoanalyse for arbeid på tak ved feiing, sjå heile teksten her……)

Forskriftene krev at feiaren skal ha sikker tilkomst på tak  for å utføre jobben forsvarlig og i henhold til forskriftskrava, dette vil i dei fleste tilfelle vera ein takstige eller taktrinn.  Feiaren har krav til å risikovurdere faren med å gå på alle tak. Nokon tak, slik som torvtak, kan han gå på utan stige/trinn når det er tørt og ikkje is, ved andre forhold medfører det ein fare å gå på same taket slik at jobben ikkje kan utførast. Uansett er risikoen for uhell/ulykker større for ein som går på 25 tak kvar arbeidsdag heile året, enn for ein som kanskje går på taket ein gong i året. Hvis du er usikker på dette med stige/trinn på tak anbefalar vi at du ventar til feiaren kjem på tilsyn, og så kan de diskutere der og då kva som er beste løysinga.

Unntak frå kravet om fastmontert takstige/trinn:

Det er foretatt ein generell risikovurdering av kven som kan gis fritak frå kravet om fastmontert takstige/trinn. Dette gjeld:

Hus med torvtak med takhelling inntil 25 grader. Feiaren må likevel risikovurdere ut frå værforhold om det er forsvarleg å gå på torvtaket. 

 

Fritak for feiing/tilsyn:

Hvis du har fjerna eller plombert ildstaden kan du få fritak for feiing/tilsyn. Dette må vi har skriftleg søknad på, bruk skjemaet «Søknad om feiefritak».
Du kan også søke om fritak hvis huset står tomt over fleire år, men denne søknaden må stilast til kommunen, v/teknisk etat.

Fyring med gass:

Gasspeiser og sentralfyr er å rekne som fyringsanlegg, og er derfor med på tilsynsordninga vår. Dette gjeld ikkje viss gassanlegget berre er knytt til ein koketopp e.l. på kjøkkenet.
Vi feier ikkje piper som blir brukt til gassfyring, det blir i såfall etter forespørsel.

 

Kontaktinfo ang. feiing og tilsyn i boliger og fritidsboliger:

Hallingdal brann- og redningsteneste iks
Tlf.: 96625425
Mail: feier@hbr.no